FRANKENSTEIN

EIN GRØSSAR FOR BARN

Samproduksjon med Det Norske Teatret

Premiere 24. september på Scene 3 på Det Norske Teatret

Alt i denne historia er funne på.
Likevel er alt saman sant.
Kvart
einaste
ord.

Den unge studenten Victor Frankenstein har stengt seg inne i slottet sitt, og her arbeider han med å få til det umoglege: Å skape liv i ein død kropp. Når han endeleg lykkast i å vekke skapningen til live, er den alt anna enn han hadde drøymt om. Victor kastar skapningen på dør, og dette set i gang ei rekke grufulle hendingar. Og når grufulle ting skjer, har ein berre to moglegheiter: Ein kan stenge seg inne, eller ein kan be om hjelp. Men kven vil vel hjelpe eit monster?

Frankenstein er ein grøssar for modige barn og skvetne vaksne, i ein nyskriven versjon basert på romanklassikaren av Mary Shelley som har gitt lesarar frysingar i over 200 år. Rotne hjernar, dødsdømde kjeltringar og grotesk vitskap blir sydd saman til ei historie om kva som gjer ein skapning til eit monster, og om å vilje bli frykta når ein ikkje kan bli elska.

Men hei: Om du blir redd, er det lov å gripe tak i armen ved sida av deg. Berre pass på at han heng skikkeleg fast i kroppen han høyrer til, så du ikkje endar med ein laus arm i fanget…

Foto: Ole Herman Andersen/Det Norske Teatret

Premiere: 24. september 2026

Varigheit: Ca. 1 time og 15 minutt

Passar for: Barn frå 10 år

MEDVERKAnDE

SKODESPELARAR

Amanda Hedvig Strand, Amalie Ibsen Jensen, Sebastian Skytterud Myers, Johan Hveem Maurud, Ingrid Jørgensen Dragland, Kyrre Hellum og Jenny Mueni Ndunda

 

BASERT PÅ ROMANEN TIL

Mary Shelley

 

MANUS

Lars Halvor Andreassen

 

REGISSØR

Vilde Johannessen

 

SCENOGRAF

Amanda Hedvig Strand

 

LYS-, LYD- OG VIDEODESIGNAR

Thomas Gallagher

 

MUSIKK

Eirik Røland

 

DRAMATURG

Anders Hasmo

PRODUSENT/INSPISIENT

Hedda Rønneberg

 

REKVISITTMAKAR

Signe Dalsgaard

 

REKVISITØR

Lena Kvammen Hetleflåt

 

KOORDINATOR MÅLARSALEN

Kjell Åge Meland

 

KOORDINATOR SNIKKERVERKSTAD/SMIE

Beate Madsen

 

MASKEKOORDINATOR

Ida Frithioff

 

SCENEANSVARLEGE

Mari Lysgaard og Øyvin Løype

 

TEKNISK PRODUSENT

Kristin Tunold-Hanssen

Brenner du inne med et spørsmål om denne forestillingen? Smell av gårde en mail til produksjon@feilteater.com