BARNAS TRYGGINGSRÅD

Samproduksjon med Det Norske Teatret

Premiere 11. mars 2027 på Scene 3 på Det Norske Teatret

Denne informasjonen er STRENGT hemmeleg og må IKKJE under NOKO omstende bli delt vidare:

Det er med stort alvor vi ønskjer å melde at du hermed er innkalla til eit ekstraordinært møte i Tryggingsrådet. Gjennom hemmeleg etterretning har vi avslørt at ein verdsomspennande katastrofe vil kunne inntreffe innan svært kort tid – og vi treng DI hjelp til å stanse han.

Som medlem av ei spesielt utvald ekspertgruppe med dyktige barn, får du uinnskrenka fullmakt til å iverksette dei tiltaka som er nødvendige for å stanse krisa. Tryggingsrådet har stor tru på at akkurat du er rette person for jobben.

Vi ber deg møte i rådet sitt hovudkvarter snarast mogleg. Det hastar. Heile verda si framtid står på spel.

Beste helsing Tryggingsrådet.

Premiere: 11. mars 2027

Varigheit: Ikkje avklart enno

Passar for: Barn frå 7 år

MEDVERKAnDE

MANUS

Mathias Augestad Ambjør og Sebastian Skytterud Myers

 

KONSEPT/IDÉ

Mathias Augestad Ambjør, Sebastian Skytterud Myers, Amalie Ibsen Jensen, Frida Vige Helle, Vilde Johannessen og Lars Halvor Andreassen

 

REGISSØRAR

Sebastian Skytterud Myers og Amalie Ibsen Jensen

SCENOGRAF

Frida Vige Helle

 

LYS-, LYD- OG VIDEODESIGN

Thomas Gallagher

 

Brenner du inne med et spørsmål om denne forestillingen? Smell av gårde en mail til produksjon@feilteater.com