Samproduksjon med Det Norske Teatret
Premiere 20. januar 2027 på Scene 3 på Det Norske Teatret
Ei natt forsvinn ein pappa ut i mørkeret, ned i djupet og blir borte. Tilbake sit ein forvirra gut med mange tankar. Var det hans feil? Har pappa blitt slukt av ein kjempeblekksprut? Eller tenk om han framleis finst der nede ein stad, og vi kan fiske han opp med Troika på kroken?
4000 meters djup er ei reise inn i tankane og ned til havdjupet, til gløymde minne og skapningar i mørkeret. Det er ei historie om sakn, late dagar i syden, gullfiskar som har blitt skylt ned i do og om å kunne vere glad sjølv om noko er vanskeleg.
Hausten 2026 flytta Feil Teater inn på Det Norske Teatret, og i løpet av eit år skal dei sette i scene heile fire framsyningar for det yngre publikumet.
Dette er den tredje framsyninga deira. I 4000 meters djup vil dei gi barn frå 10 år og oppover ein trygg kunstnarleg inngang til temaet sjølvmord, fordi det kan vere vanskeleg å snakke om at nokon vel å døy. Gjennom kunsten ønskjer dei å bidra til ei kjensle av at du ikkje treng å bere dei store spørsmåla heilt aleine.
Feil Teater har lang erfaring med å lage framsyningar om vanskelege tema. Denne er utvikla med faglege innspel frå Unge LEVE, og er kanskje ikkje så trist som ein skulle tru.
Premiere: 20. januar 2027
Varigheit: Ikkje avklart enno
Passar for: Barn frå 10 år
SKODESPELARAR
Lars Halvor Andreassen, Amanda Hedvig Lie Strand og Mathias Augestad Ambjør
KONSEPT OG IDÉ
Amanda Hedvig Lie Strand, Lars Halvor Andreassen og Sebastian Skytterud Myers
MANUS
Amanda Hedvig Lie Strand og Lars Halvor Andreassen
REGI
Mathias Augestad Ambjør, Amanda Hedvig Lie Strand, Lars Halvor Andreassen og Vilde Johannessen
SCENOGRAFI, KOSTYME OG FIGUR
Frida Vige Helle
LYSDESIGN
Agnethe Tellefsen
MUSIKK
Eirik Myhr
LYDDESIGN
Simon Mørland
PRODUKSJONS-, SCENOGRAFI- OG KOSTYMEASSISTENT
Lone Grønner Flikke
FAGLEG BISTAND
Andrea Tveit Stenseth og Unge LEVE
FRAMSYNINGA ER STØTTA AV
Kulturrådet og Scenekunstbruket
TAKK TIL
Gro Dahle, Mats Eldøen, Christine Kvello, Eva Steinkjer, Dyrego Oslo City og alle som har delt raust av sine erfaringar og perspektiv.
Brenner du inne med et spørsmål om denne forestillingen? Smell av gårde en mail til produksjon@feilteater.com