(OG DET SOM VART LITT DUMT)
Samproduksjon med Det Norske Teatret
Premiere 19. november på Scene 3 på Det Norske Teatret
Bli med på ei interaktiv vandreframsyning i teateret, og løys eit spennande mysterium!
Det er med stor glede vi kan avsløre at Noregs mest kjende kunstnarduo vender heim etter over ti år i utlandet. Regissør Verner Bang-Wisløff og stjerneskodespelar Angelica Dybwad har teke heile verda med storm med sine imponerande produksjonar. Frå Berlin til Beijing, frå Kairo til Kuala Lumpur.
No inntek dei Det Norske Teatret med ei framsyning som heilt garantert kjem til å ta pusten frå deg – og du er invitert til verdspremiere! Spenn fast setebeltet og gjer deg klar for ein spektakulær berg-og-dal-bane av ei teateroppleving, ulikt alt anna du har sett.
Og kanskje viktigast av alt: Vi garanterer at premieren kjem til å gå heilt etter planen, og at ingenting dumt kjem til å skje.
I Den perfekte premieren (og det som vart litt dumt) inviterer vi til ei interaktiv vandreframsyning rundt om på heile teaterhuset. Bakteppet er ein sensasjonell verdspremiere som tek ei uventa vending. Publikum må bli med inn bak kulissane for å løyse eit spennande mysterium.
I rom ein vanlegvis ikkje får sjå – bak scenen, i verkstader og rekvisittlager – får publikum eit unikt innblikk i maskineriet bak eit av Noregs største teater.
Premiere: 19. november 2026
Varigheit: Ikkje avklart enno
Passar for: Barn frå 7 år
SKODESPELARAR
Didrik Hagberg, Mathias Augestad Ambjør, Hilde Olausson, Kaia Varjord, Pål Christian Eggen og Marianne Krogh
IDÉ, KONSEPT OG REGI
Vilde Johannessen og Sebastian Skytterud Myers
MANUS
Sebastian Skytterud Myers
LYSDESIGN OG SCENOGRAFI
Eilif Fjeld Teisbo
REKVISITØR
Ada Hesjevoll
SCENEANSVARLEG
Mari Lysgaard og Øyvin Løype
TEKNISK PRODUSENT
Kristin Tunold-Hanssen
Brenner du inne med et spørsmål om denne forestillingen? Smell av gårde en mail til produksjon@feilteater.com